Oppdatering søndag: Dei to som vart frakta til sjukehus var to kvinner, den eine i 20-åra og den andre i 50-åra. Den yngste kvinna sin tilstand er lettare skadd, medan den eldre er har moderate skader og vart brakt til intensiven melder Helse Midt-Norge. Begge sine tilstandar er stabile.

Det var laurdag ettermiddag ei trafikkulukke i Aure sentum i Sykkylven. Naudetatane var på staden like før klokka 18.

- To personbilar er involvert, og to personar er frakta til sjukehus med skader, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang ved Sunnmøre politidistrikt til smp.no kl 18.14.

Operasjonsleiaren fortel òg at bilane har fått store skader, og brannvesen, politi og ambulanse er framleis på staden.

Det var ikkje passasjerar i bilane.

Foto: Robert Kvam

Har du tips? Kontakt oss på 95400400@smp.no eller ring 95400400!

Foto: Robert Kvam