Fredag stilte ambulansearbeidar Karl Petter Hove spørsmålet:

Kva dersom ein personbil med ein familie køyrer inn i eit jordras og treng ambulansehjelp – med to vegar stengt, og det er storm og unormalt store nedbørsmengder slik det var torsdag?

Torsdag var E39 i Ørsta stengd mot Ålesund etter eit jordras. I tillegg gjekk det fleire snø- og jordras mellom Steinsvika og Dalsbygda på fylkesveg 40 i Volda kommune.

Mykje lest Mange leste innlegget til Karl Petter Hove før helga. Foto: Privat

Med 25 års erfaring som ambulansearbeidar er det jobben hans å sjå for seg ulike scenario med skadde folk som treng hjelp, og deretter vurdere kva løysingar som er best.

– Dersom nokon blør innvendig, er det berre éin som kan hjelpe, det er kirurgen inne på operasjonsstua. Og då gjeld det å få pasienten dit så fort som råd, seier ambulansearbeidaren, Karl Petter Hove, til Sunnmørsposten.

Ambulansearbeidaren reagerer derfor på at Volda sjukehus er eitt av sjukehusa som kan miste akuttkirurgien.

– På sin plass, seier folk

Hove fortel at han i helga har fått veldig mange tilbakemeldingar på innlegget sitt der folk er einige.  Saka blei lest nær 60.000 gonger - og hyppig delt på sosiale medier.

– Folk har kome bort til meg på butikken og sagt at dette var på sin plass, fortel han.

Dei einaste moteførestillingane som han har fått, har vore i kommentarfelt på nettet der nokre meiner at han krisemaksimerer.

(saka held fram under bilde)

– Var flygever Fagsjef Odd Veddeng i Helse Møre og Romsdal.

Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik smp.no på Facebook

– Det var jo flygevêr

Også fagdirektør Odd Veddeng i Helse Møre og Romsdal seier at det fanst løysingar denne spesielle torsdagen.

– I dette tilfellet var det flygevêr for helikopter. Det var også ope ei ferjestrekning til, via Hareid.

– Det går an å tenke seg utruleg mange scenario, mange er yttarst sjeldan og nesten ikkje-eksisterande, seier Veddeng.

Også fagdirektør Per Christian Juvkam i Ambulanse Midt-Norge seier i ein kort kommentar at det var jo flygevêr denne dagen.

– Heldigvis var det flygevêr og ingen samtidighetskonflikt, og ikkje heller alvorlege ulukker den dagen, seier Hove.