Simon Olai Vadstein (3 1/2) var berre ein i ei lang rekkje adventsstemte born som sikra seg ein ekte og nystøypt tinnsoldat på Haueleite søndag ettermiddag. Då heldt Volda sogelag sitt årvisse adventsarrangement på sitt eige tun, Volda bygdetun Haueleite. Ruskevêret denne dagen skremde kanskje ein del folk frå å møte opp i år. Dei oljehyrekledde og paraplyutrusta som tok turen fekk til gjengjeld julestemning så det heldt. Innanfor patinerte tømmervegger og dogga glasruter var det nemleg tradisjonsaktivitetar av alle tradisjonelle slag.

Flytande tinn

Tradisjonen med å støype tinnsoldatar er nok ikkje av dei eldste på Volda bygdetun, men likevel i sving på femte året, kan gjengen i Volda Lions Club fortelje. Det var klubbmedlem Lars Barstad som drog i gang ein eldgammal aktivitet, men ein aktivitet som ikkje akkurat eignar seg for barnehender. Rennande tinn i ei smeltebakke på ei kokeplate krev stort ansvar å handtere i ein slik samanheng.

Likevel, denne aktiviteten får ei lang rekkje av tindrande barneaugo til å skine opp. Å sjå flytande tinn bli til ein skinande blank figur på eit blunk – i ei svart form – jau dette kan konkurrere ut det meste ser det ut til ...

Stemninga

Og figurane – ikkje alle akkurat like fredelege og juleprega i sin framtoning – kan kjøpast for pengar. Tinnsoldatar for sølvpengar. Dei får i alle fall unge føter å gå på. Klubben som driv ulikt hjelpearbeid ser likevel ikkje det store overskotet.

– Nei, overskot blir det knapt av dette, det går vel nokså akkurat opp i opp med kostnaden for tinn, smiler smeltemeister Lars Olav Gaupseth. Men vere med og skape julestemning i bygda, det vil Løve-karane absolutt. Når det også vert laga kransar av sterktluktande tujagreiner, selt løfser og flatbrød og mykje anna, ja då er det ikkje tvil om at første søndag i advent er arbeidd inn på Volda bygdetun.