Sunnmøre politidistrikt melder klokka 20.35 at vegen mellom Standal og Kolåsen i Ørsta kommune er stengt på grunn av brann i ein hjullastar.

Operatør Tor Ivar Sjåstad stadfestar at brannkorpset i Ørsta har rykka ut.

Hold deg oppdatert - følg smp.no på Facebook!

– Brannen er slokt, men vi driv framleis med litt etterslokking, seier Sjåstad til smp.no klokka 20.40.

Vegen er sperra, og mannskapane på staden ventar på at nokon skal kome å frakte vekk anleggsmaskina.

– Vi har ikkje fått meldingar om at nokon er skadd, seier Sjåstad.

Ifølgje operatøren fekk 110-sentralen melding om brannen klokka 19.11.

Siste nytt: Ifølgje nettsidene til Statens Vegvesen så blir vegen opna mandag klokka 12.