Dermed nyttar reiarlaget seg av ein opsjon som vart inngått då Sølvtrans i juni i fjor bestilte ein liknande båt for levering i mars 2017. No har reiarlaget erklært opsjon på brønnbåt nummer to. Fartyet skal leverast i september 2017.

Verdas største

Sølvtrans er eit av verdas største brønnbåtreiarlag for transport av levande laks og ørret.

- Det er svært gledeleg at Sølvtrans ønskjer enda eit fartøy frå Myklebust Verft, og vi set stor pris på samarbeidet med denne lokalt eigde og globalt leiande aktøren. Vi ser store moglegheiter innan denne marknaden, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven i ei pressemelding.

Seks fiskefartøy

Med denne kontrakten har Myklebust Verft no ei ordrebok som inneheld seks fiskefartøy og brønnbåtar for levering i 2017, samt eit stort konstruksjonsskip som skal leverast i løpet av våren i år.

Rolls-Royce-design

Fartøya til Sølvtrans er av typen NVC 387 frå Rolls-Royce, og er ein stor brønnbåt – nær 80 meter lang og med 3200 m3 brønnkapasitet.

I tillegg til design, skal Rolls-Royce også levere ein stor utstyrspakke med mellom anna thrusterar, automasjonsanlegg og vinsj. Fiskehandteringsutstyret skal leverast av MMC i Herøy, og andre lokale leverandørar vil også verte nytta.