Oppdatering: Rundt klokka 22.45 heiter det at feilen er lokalisert til Riise.

- Snipsøyrdalen og Bigset blir kopla inn før kl. 23.00, medan Riise-området framleis blir ute til linja er reparert. Forventa innkopling her vil vere rundt klokka 03, skriv nettselskapet. Det vil bli kort blink for heile Hareidsdalen i løpet av natta.

Mørenett melde onsdag ettermiddag om eit straumbrot i Hareid kommune.

- Store delar av Hareid sentrum, Hareidsdalen, Snipsøyrdalen og Hjørungdal er utan straum. Feilen skuldast truleg tre eller snø på linja, heitte det klokka 18.34.

Når det gjeld Hareid sentrum så fekk dei tilbake straumen etter kort tid, men i samband med feilsøking vart det opplyst at det kunne bli fleire blink.

- Rettetid er førebels ukjent, men det kan ta nokre timar før alle får straumen tilbake, skreiv nettselskapet.

Ved 19-tida melde Mørenett vidare at feilen var lokalisert til området Snipsøyrdalen - Rise, og at montørane leita etter den.

- Det kan framleis bli korte blink i området Hareid-Hareidsdalen, men nedre del av Hareidsdalen og området mot Hjørungadal har fått straumen tilbake, vart det opplyst.