Onsdag og torsdag blir det arrangert fellesmøte for kommunestyra i Ørsta og Volda. Her skal dei gjennom gruppearbeid forsøke å finne ut om dei passar saman og kan bli ein felles kommune.

Ordførarane i Hornindal og Stryn har også fått presentere sine kommunar. Hornindal er den mest gifteklare:

– Eg meiner vi må sjå eit godt stykke fram i tid for å skape robuste einingar, og da synest eg det blir for lite berre å slå seg saman med Stryn, sa Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel (H) – og er klar for både Volda og Ørsta.

Sven Flo (H), ordførar-kollega i Stryn, er lit meir forsiktig, men er temmeleg klar på at Hornindal er med i dei fleste planane til Stryn.

Lødemel kunne også avsløre et tydeleg døme på handelslekkasje etter at Kvivsvegen kom:

– Lillejulaften skulle eg og bror min til Stryn for å handle julegåver. Broren min var på utkikk etter ei spesiell klokke, men fann ho ikkje i Stryn. Så då drog vi til Amfi i Ørsta. Der møtte vi ordførar Stein Aam frå Ørsta og Sven Flo frå Stryn.

– Det der skulle du ikkje ha sagt, kom det lattermildt frå Flo nede i salen.

Hovudaktørane Ørsta og Volda er førebels litt avventande. Og Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp) vedgår at han framleis er skeptisk til kommunesamanslåingar.

– Men dette møtet er iallfall ein historisk augneblink, og banda mellom dei fire kommunane blir berre tettare og tettare, la Aam til.