Nordvestlandet fått ein soleklar plass, saman med vinterbilde frå Lofoten og nysnø i fjellet.

Det er vel ikkje akkurat dette som er utsikta frå flyvinduet, men sjekk videoen over.

Fram dukkar Ervikbygda og Hoddevika på ytre Stadlandet, Brosundet i Ålesund, Alnes på Godøya og Hellesylt ved Storfjorden.

I tillegg til Norge har flyselskapet laga tilsvarande dronevideoar frå rundt 17 land.

– Blir sett av millionar

Reiselivssjef Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre var tidleg ute og posta videoen på deira Facebook-side.

– Det er veldig stas at dei vel å vise fram området her. Med eit så stort flyselskap bak er dette ein film som blir sett av millionar av reisande, seier Vik til smp.no.

– Dei meiner tydelegvis at dette er noko av det mest attraktive vi har her i landet. Dei viser fram by og fjell, fjord og kyst, og dei viser folk som er i aktivitet. Dette er akkurat slik også vi marknadsfører området her, seier reiselivssjef Vik.

Gjer som 25.000 andre - følg smp.no på Facebook.

Brosundet i Ålesund høyrer med når eit internasjonalt flyselskap skal lage reklamevideo frå Norge. SKJERMBILDE