Lodve Solholm meiner at vi fekk bevis på dette i går - då Møre og Romsdal vart råka av ekstremvêret Tor.

Han meiner kommunane var godt budde på å ta i mot «Ekstremvêret Tor», og at innbyggjarane lytta til råda og førebudde seg godt på uveret.

– Eg er særs godt nøgd med alle aktørane i fylkesberedskapsrådet og kommunane, seier Fylkesmann Lodve Solholm. Alle har lært av Dagmar, seier fylkesmannen i ei pressemelding.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Solholm er veldig glad for at det til tross for noko materielle skadar, så langt det er kjent, ikkje har vore personskadar.

Han meiner det har vore veldig god kvalitet på vêrvarslingane, og media har gjennom si dekking av uvêret sørgde for god publikumsinformasjon.

– Takk til alle som har bidrege til at vi denne gangen greidde å unngå ein ny «Dagmar»!, seier Solholm.

Les fleire nyheiter her