Det har eit samrøystes kommunestyre i Norddal vedteke utan entusiasme. Samtidig seier eit stort fleirtal at dei skal gå i dialog med Stranda før eventuelle forhandlingar også med dei.

Dersom forhandlingane ikkje fører fram, skal Norddal halde fram som eiga kommune, meiner kommunestyret i Norddal. Som legg til at innbyggarane skal høyrast før eit endeleg vedtak blir gjort i juni.

– Det er meiningslaust at vi må gjennomføre ein prosess på så kort tid. Dette skapar frustrasjon, frykt og strid ute blant folk, sa Sp-ordførar Arne Sandnes.

Han reagerer på NHO som seier at det er feigt å nytte folkerøysting i denne saka:

– Eg heldt på å ramle av stolen då eg høyrde den uttalen.