I tilknytning til ei sak der SV sin folkevalde representant i Ørsta kommunestyre, Marit Aklestad, sendte inn eit spørsmål om montering av stellebord på toalettet ved Ørsta rådhus, har nyfødde barn kome i kommunalt fokus.

- Eg stilte spørsmålet då eg ved enkelte høve har tatt med mitt nyfødde barn på kommunestyre- og formannskapsmøte, seier Marit Aklestad til smp.no.

- Kan det monterast eit stellebord på handikaptoalettet på rådhuset? Det burde vere ei sjølvfylgje å sleppe å stelle babyen sin på golvet, og det burde vekkje oppsikt at slike basisfasilitetar ikkje er på plass per i dag. Dette er eit tiltak som ikkje berre vil vere til praktisk hjelp for meg og andre i min situasjon, men også kome andre besøkjande ved rådhuset til gode, i tillegg til dei tilsette, skriv Aklestad i brevet til ordføraren.

Dette blei meldt i lokalavisa Mørenytt og det reagerte vararepresentant i Høgre, Sven Castberg på.

- Ikkje barselforeining

- Eg synes faktisk ikkje babyar høyrer heime korkje i formannskap eller kommunestyre. Med timebetaling for barnevakt bør ikkje det vere naudsynt, skriv Sven Castberg i ein kommentar på Facebook.

Dette har mange reagert på. Anne Stine Foldam Aam (Sp) er ein av kommunestyrepolitikarane som har kasta seg inn i debatten i kommentarfelta.

- Ikkje skal vi få strikke, og ikkje skal vi få ha med ungar, skriv ho med humor, men under skjuler alvoret seg.

- Viss Castberg meiner det er eit forstyrrande element at nokon har med seg eit spedbarn på eit møte, då seier det meir om han. Eg vert minst like forstyrra av mannlege medlem som les nettaviser gjennom møta, utdjupar ho til smp.no.

- Om han mister fokus, kan han be om å få byte sete eller sitte på eit av dei andre partia sin benk, seier Foldal Aam.

Ho meiner at ein må vere rause dersom alle skal kunne delta i politikken.

- Vi ønsker å legge opp til at alle innbyggarane kan vere aktiv politisk - ikkje berre i festtaler, men også i kvardagen. Av og til går ikkje kvardagen opp. Då må vi vere romslege og akseptere at spedbarn som stort sett søv er på møta. Vi midt i livet kan ikkje vere gamle grinebitarar, seier ho.

(Saka held fram under biletet)

I Ørsta blir det debattert i kva grad ein kan ha med born på kommunestyremøter. Foto: FAKSIMILE FACEBOOK

Til smp.no seier Sven Castberg at kommentaren på Facebook kom etter eit par saker i kommunestyret der det blei diskutert å legge til rette for å ta med born på møter.

- Først blei det tatt opp godtgjersle til barnepass. Så montering av stellebord på toalettet for å likevel kunne ta med babyen slik ein kunne stelle denne i kommunale møter. For min del kan dei gjere dette, men born hører ikke heime inne i møta. Det er eit forstyrrande element. Eitt barn kan gå greit, men kva om ein plutselig har tre småbarnsmødre der. Det er snakk om kommunestyremøte, ikkje barselforeining, seier Sven Castberg til smp.no.

Castberg minner om at ein har fullt høve til å nytte seg av vara om ein ikkje kan møte av praktiske årsaker.

(Saka held fram under biletet)

Sven Castberg er 1.vararepresentant for Høgre i Ørsta kommunestyre. Foto: Knut Arne Aarset

- Freidig

Marit Aklestad kaller utsegna fra Castberg for "freidig".

- Det med barnepass har ikke vore inne i reglementet for Ørsta, før eg tok det opp. Det andre er at eg blei vald inn samtidig med at eg hadde ein nyfødd baby. Eg kunne søkje om permisjon, men valdte å ta med babyen da eg hadde ein rolig unge. Eg har kun fått positive tilbakemeldinger, seier Marit Aklestad til smp.no.

Castberg meiner det heile har utvikla seg til ein artig debatt.

- Eg blir sett på som gamaldags, men det er feil vinkling at det er "kvinnekamp" å få ta med born i kommunestyremøte. Det er ikkje god kvinnekamp. Om mødrene ikkje klarer å møte i frivillige verv fordi dei har blitt mor, så er det rammene rundt som er feil. Eg har aldri sett ein mann ta med born på møte. Det er sjølvsagt annleis om det er snakk om ei aleinemor, seier han.

Aklestad seier ho håper ho ikkje sender signal om at ein MÅ ha med barnet.

- Men mitt poeng er at ein skal kunne gjere det om ein vil. Ein skal ikke bli tvungen til å ikkje delta på grunn av at ein har born.

Kommunale møte skal være formelle, held Castberg fram.

- Manglande forståing

Marit Aklestad seier utspelet fra Castberg viser manglande forståing for dagens samfunn og likestilling.

- Eg trudde vi hadde kome lenger. Kven andre vil han stenge ute?