Det vert også konkurranse innan streetskating. Christopher Woldsund er leiar for Ørsta Brettklubb, som er arrangør for konkurransen, og han fortel at det er Ørsta sin første skatekonkurranse i historia.

– Arrangementet er lavterskel, og gratis for publikum. Det vert jamformat på konkurransane. Dei som vil delta skal droppe inn og skate den timen, og dei må vere på «høgge», seier Woldsund.

Arrangørane lovar flotte premiar, både pengar og sponsorpremiar. Pikekyss spelar ein gratis minikonsert i hallen, og DJ Danny vil spele musikk under konkurransane.

Skatehall i Hovdebygda

Møre Skatehall ligg i dei gamle lokala til Hovden Møbel, og vart realisert ved dugnad og sponsorstøtte. Skatehallen er den einaste innandørs arenaen, der skatarane kan utfalde seg heile året, mellom Bergen og Trondheim.

Thomas Ommundsen er ein ivrig skater frå Valderøya, og han reiser til Hovdebygda for å skate nokre gongar i veka.– Ute er det ikkje føre til å skate no, og Ørsta er det nærmaste tilbode for innandørs skating. Det er gøy å skate, og i Møre Skatehall vert eg kjent med kule folk, seier Ommundsen.

Frå 6 til 60 medlemmar

Hallen opna i november 2015. Frå start til i dag har Ørsta Brettklubb generert 60 medlemmar, og Woldsund poengterer at det er ei stor auke frå dei seks styremedlemmane frå starten. Ommundsen teikna eit års medlemskap med ein gong, og han syns at den store rampa er veldig fin.

– Eg vil nytte hallen til skating på hausten og vinteren. Når forholda er bra ute, vil eg skate utandørs, seier Ommundsen. Styremedlemmar i Ørsta Brettklubb og Møre Skatehall er Christopher Woldsund, Knut Steinnes, Arild Elias Torgersen, Jan Tore Myrhol og Sigmund Ryste. I tillegg har dei fått fire nye styremedlemmar, der blant ei ung kvinne som leiar jenteskate.