– Vi arbeider knallhardt for å få utvida tida for permitteringar til 52 veker, men vi ser ikkje bort frå at einskilde vil kunne miste jobben i tida som kjem, seier kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim i Ulstein Group til Sunnmørsposten.

150 færre enn i fjor

Gruppa har om lag 150 færre arbeidarar no enn ved førre årsskifte. Rundt 700 er att i selskapet. Av desse er altså rundt hundre permittert.

Tok inn att 50 permitterte

– Vi tok nyleg inn att om lag 50 permitterte som arbeider med dei to servicefartøya til offshore vind. Nokre av dei andre som er permitterte vil kome tilbake i jobb i ei periode. Dette er avhengig av kva for avdeling dei jobbar i, seier Solheim. Kommunikasjonssjefen seier seg lei for at ein må seie opp gode fagfolk som ein normalt ville hatt behov for.

Dårleg marknad og låg oljepris

Det er dei dårlege marknadstilhøva og den låge oljeprisen som gjer at Ulstein Group må permittere og seie opp folk. Den førebels siste båten som skal leverast går ut frå verftet i november.