Bilen skal vere ein raud varebil med grøne skilt, og føraren skal ha stukke av sørover, i retning frå Fosnavåg.

– Det er ingen personskadar, men skade på bil, opplyser operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, John Kåre Flo til smp.no.

Søndag kveld fortalde han at politiet leita etter bilen, og oppfordraa publikum til å ta kontakt om dei veit noko.

Oppdatering: Måndag ettermiddag seier politiet at de ikkje veit noko meir, men at det er oppretta straffesak.

Vet ikkje kvar den køyrde

Retting: Det vart først skrive at bilen køyrde i retning Ulsteinvik. Det politiet veit er at den køyrde sørover frå Fosnavåg.

– Bilen kan ha køyrt til dømes til Sande, Ørsta eller Ulstein, seier Leif Arne Mork hos politiet på Sunnmøre og håper på tips frå folk som kan ha sett bilen.