Det heile vart gjort for ein reklamefilm for Stryn, fortel Sindre Matthias Kinnerød i filmselskapet Flash Studio. Filmselskapet går no ut og presenterer filmen.

Du kan sjå kortfilmen i videovinduet over

Snøkunst Kunstnaren Simon Beck betraktar snøkunsten som han skal ha laga utelukkande ved hjelp av kompass og truger. Foto: Sindre Kinnerød / Flash Studio

Oppdraget er støtta av Fagre Stryn, som er eigd av næringsliv i regionen.

– Vi hadde laga filmen Oppdrag Sognefjorden, og vart kontakta, forteld filmskapar Sindre Kinnerød, regissør og produsent for filmen.

Resultatet skal bli tre kortfilmar. Den første er no ferdig.

– Vi såg at Nordfjord har mange som vellukka innan idrett, og mykje næringsliv. Vi har prøvd å få fram kva det kan vere som motiverer folk som bur her. I denne filmen ville vi vise korleis fire kunstnarar ville uttrykke det, fortel Kinnerød til smp.no.

Med truger på føtene lagar kunstnaren Simon Beck mønster i snøen. Foto: Sindre Kinnerød / Flash Studio