OPPDATERT MÅNDAG KVELD: Det blei ikkje gjort vedtak i møtet måndag kveld, men gruppeleiarane uttrykte støtte til kompromissforslaget frå oppvekstsjefen (sjå under).

– Vi ønskjer å gi eit råd til administrasjonen for korleis dei bør løyse dette, seier ordførar Knut Erik Engh (Frp) om bakgrunnen for møtet måndag kveld.

To modellar

Oppvekstsjef Gry Nordal har lansert ein modell der ein deler gruppa i to, slik at dei eldste elevane skal få undervisning på Kompetansesenteret på Reiten, og dei som er i aldersgruppa til ungdomsskulen skal tilbake dit.

Alternativet er å halde fram med den organiseringa som er no, der kommunen leiger Høddvollhuset for 600 kroner per dag og underviser gruppa samla der.

Avtale til påske

Kommunen har førebels ein avtale med Hødd fram til påske.

- Eg trur personeleg at den avtalen vi har no vil fungere bra ei tid framover, seier Engh, utan å ville forskottere noko om kva som blir resultatet av møtet måndag kveld.

Engh seier at dette eigentleg er eit administrativt opplegg, men det har vore så sterke politiske meiningar at han har funne det rett at politikarane gir råd i saka.

Levekårsutvalet og formannskapet vart orientert i førre veke. Spesielt i levekårsutvalet kom det innspel om at resten av gruppene burde bli betre informert. Og det er det ordføraren no tek ansvar for ved å kalle inn det han kallar politisk leiarforum og gruppeleiarane, samt pressa.

- Eg ser ingen grunn til å lukke diskusjonen, seier Engh.

Har roa seg

Etterforskinga av asylsøkjarane resulterte i rykteflaum, og ordføraren valde å engasjere seg for å roe situasjonen.

- Det har roa seg veldig og har ikkje vore nokon bruduljar i det siste, seier Engh.