Det melder Miljødirektoratet. Rapporten kjem frå Norsk institutt for naturforsking, og presenterer stus for 16 pattedyr og 37 fugleartar.

Rype er det mest populære småviltet å jakte på. Ifølge rapporten er det ein tilbakegang i rypebestanden på meir enn 30 prosent dei siste ti åra.

I rapporten blir det streka under at det er uklårt i kva grad jakt er ein vesentleg årsak til utviklinga.

Fleire av dei jaktbare småviltartane kom i fjor på Artsdatabasen si raudliste over artar som kan ha ein risiko for å døy ut.

Miljødirektoratet arbeider no med forslag til nye jakttidsbestemmelsar, med verknad frå 1. april 2017.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook