Første professor i engelsk

Marie Nedregotten Sørbø er tilsett som professor i engelsk ved Høgskulen i Volda.

PROFESSOR: Marie Nedregotten Sørbø blir den første professoren i engelsk ved Høgskulen i Volda. ARKIVFOTO 

Nyheter

Ho blir skulen sin første engelskprofessor.

Sørbø starta i eit vikariat som høgskulelektor i engelsk i Volda hausten 1989. No, snart 27 år seinare, kan ho kalle seg professor, skriv skulen på heimesida.

– Då eg starta å undervise her sa alle at eg var så ung. No er eg den eldste på engelsk-seksjonen, og sånn sett passar det vel bra, seier 60-åringen.

– Men eg har aldri hatt som mål at eg skulle verte professor. Å lese litteratur og skrive artiklar og bøker er det som har drive meg framover.

Ho meiner det er viktig for høgskulen å utvikle seg vidare i engelsk.

– Vi må våge å ta nye steg mot høgare akademisk nivå og henge med etter som utdanningssektoren utviklar seg, seier Sørbø.