Ny vegtrasé vil halvere lengda på strekninga, og kutte reisetida til langt under det halve – ferja iberekna. Ei bru over indre Nordfjord vil bli lengre enn Hardangerbrua, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

– Planprogrammet blir no lagt ut til offentleg ettersyn, og inneheld mellom anna tunnel under Utvikfjellet og brukryssing over indre Nordfjord frå Frøholm til Svarstad, seier planleggingsleiar Ellen Njøs Sline.

Felles for dei aktuelle linjene er at vegen går inn i tunnel i Byrkjelo, kjem ut i lia over Utvik og så via kort tunnel og dagsoner oppe i lia fram til Innvik.

Så ny tunnel, rett ut på brua som kryssar frå Frøholm til Svarstad og så inn i ny tunnel til Markane.

Så er det eit stykke i dagsone, før siste tunnel frå Øyane litt vest for Maurset til Grodås.