I innstillinga til kommunestyret går ein inn for Samfjordkvartalet der det skal byggjast mellom dagens butikksenter og dei nye blokkene.

- Problemet no er at det som er lagt fram er dyrare enn dei 100 millionar kronane ein har vedtatt skal brukast på rådhus. Saka torsdag vil handle om vi skal forkaste framlegget eller auke dei økonomiske rammene, seier ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp).

Invi as kom med eit anna tilbod der nytt rådhus knyt saman Storgata og Strandgata med inngang frå begge gatene (sjå illustrasjon). Og med ny rådhusplass i Storgata med gangveg gjennom parken rett til Skjelt-Ole bakken. Dei tapte anbodskonkurransen og klagar no saka inn for Kofa.

Brattvåg er staden

Haram er uansett kommunen som seier ja til kommunesamanslåing. Men ikkje med nokon storkommune. Kommunen vil gå saman med Sandøy under føresetnad av at Nordøyvegen vert bygt.

Kommunen har stor gjeld, men også store investeringsplanar. Mellom anna nytt rådhus.

Kommuneadministrasjonen skal ligge i Brattvåg også etter ein samanslåing med Sandøy.

Det vart klarlagt allereie i intensjonsavtalen mellom Sandøy og Haram. Der blei det også fastslått at kommunenamnet vert Haram. Men nyekommunen vil få kommunevåpenet til Sandøy.

Om dei respektive kommunestyra formelt vedtar samanslåing i sine møter i juni, skal formannskapa i dei to kommunane ta arbeidet vidare.

Ordføraren trur ikkje på tvang

Krogsæter fryktar ikkje tvangssamanslåing frå sentrale styresmakter.

– Folkets svar er så klart. Risikoen for straff ved neste stortingsval er så stor at ein vil akte seg nøye for å bruke tvang i stor grad, meiner han.

– Undersøkingar gjort for halvanna år sidan syner at folk i Haram er positive til samanslåing, men vil ikkje inn i nokon regionkommune. Også den gang var det berre knappe 20 prosent som ville til Ålesund, seier han.

Folkerøystinga torsdag synte at 52 prosent i Haram vil slå seg saman med Sandøy under føresetnad av at Nordøyvegen vert bygt. 29 prosent vil ha Haram som eigen kommune og 19 prosent går for regionkommunen Ålesund.

– Ja til samanslåing med Sandøy er også eit ja til Nordøyvegen. Kor stor del handlar om ja til Nordøyvegen?

– Utan Nordøyvegen blir det nei til Sandøy. Då kan Sandøy like godt slå seg saman med Ålesund eller ein annan kommune, seier Krogsæter.

Nøkkelen er kommunikasjon

Han peiker på at samferdsel og kommunikasjon er nøkkelen til samanslåing.

– Det blir ikkje noko naturleg arbeidsmarknad mellom Sandøy og Haram når det tar ein time med ferje kvar veg om du skal reise fram og tilbake til Steinshamn på ein dag. Kommunikasjon er føresetnaden for meir rasjonell drift.

Krogsæter trur ikkje samfunnet vil slutte å endre seg. Han trur heller ikkje at dagens kommunestruktur vil vere den same om 20 år.

Meir aktuelt for dei minste

– Dei prosessar og kontaktar som er knytt i samband med kommunereforma dannar grunnlaget for nye prosessar.

Men gjerne mellom to kommunar som finn saman og ikkje dei store regionkommunane som ein legg opp til her. Det kan kanskje utviklast over tid.

Fleire folkeavstemmingar syner at det er vilje til å gå saman med naboen, men ikkje meir enn det, seier Krogsæter.

– Men Ørsta ville ikkje slå seg saman med Volda?

– Ørsta er fjerde største kommune i fylket når det gjeld folketal. Det er ein bra robust kommune.

Det er naturleg at fleire av dei mindre kommunane vil sjå seg om etter nokon å slå seg saman med.

Det er større problem administrativt og habilitetsmessig for små kommunar med 1000 innbyggjarar enn dei på 10.000 innbyggjarar, påpeikar Krogsæter.

Stor kommune - store investeringar

Haram er femte største kommune i Møre og Romsdal med over 9.200 innbyggjarar. Om dei slår seg saman med Sandøy får den nye Haram kommune 10.470 innbyggjarar.

Som nemnt står kommunen i dag framfor store investeringar.

80 mill. kronar går av sparepengane til Nordøyvegen.

Minst 100 millionar kronar skal gå til nytt rådhus. Kanskje meir.

Gjeld på ein milliard kronar

Investeringsramma på 100 millionar kronar baserer seg på kva opprusting av noverandre kommunehus vil komme på.

Frå før har Haram ei gjeld på ca. ein milliard kronar.

Saman med planar om nytt rådhus, er det no snakk om investeringar for framtida for fleire hundre millionar kronar:

Alders- og omsorgsbustadar på Vatne til 215 millionar kronar, rehabilitering av skule til 120 mill.  kronar,  barnehagetilbygg på  600.000 kronar, – og nytt rådhus til i alle fall 100 millionar kronar.

Til samanlikning har Ørsta kommune med sine 10.589 innbyggjarar investeringsplanar for vel 300 millionar kronar.

Kommunen har ein gjeld på 700 millionar kronar.

Avhengig av sparepengar

Haram kommune er avhengig av 16 millionar kronar i avkastning frå pengar på fond etter sal av kraftaksjar for mange år sidan.

Frå Husbanken kjem det 100 millionar kronar i tilskudd til alders- og omsorgsbustadane der skal folk leige.

- Vi har også fått gjort mykje, seier Krogsæter og syner til nye skulebygg på Vatne, i Søvika og i Brattvåg som alle har bra kapasitet.

No står det berre dårleg til med Tennfjord skule. Kommunen planlegg felles skule for Vatne og Tennfjord.

Ordføraren kvir seg til hausten og budsjettider.

- Oss vil meir enn vi klarer å få til. Haram kommune har ingen god økonomi, seier han.

Haram kommune er ein av få kommunar som ikkje har eigedomsskatt.

Nytt rådhus knyt saman Storgata og Strandgata med inngang frå begge gatene. Og med ny rådhusplass i Storgata med gangveg gjennom parken rett til Skjelt-Ole bakken. Foto: INVI AS.
Vebjørn Krogsæter (Sp). Foto: Inger Otterlei