Fem av dei har jobba i selskapet i 40 år. Resten har vore tilsett i mellom 30 og 40 år. Og fredag fekk alle gullklokke og blomar som ein takk for innsatsen så langt. Utdelinga skjedde på ein personalfest på Fjellstova på Ørskogfjellet.

Det er sjølvsagt spesielt å dele ut gullklokke til så mange på ein gong, men grunnen til at det er litt sprik i ansiennitet er at vi for halvanna år sidan slo saman to selskap. I dei to selskapa var det forskjellig praksis. No har vi difor fått samkøyrt dette, seier adm.dir. i Nordvest Nett, Stein Bergheim.

Kvalitet

Sjølv om det var mange som fekk gullklokke har ikkje selskapet fira på kvaliteten. Klokkene er sveitsiske kvalitetsklokker.

– Dei fortener noko skikkeleg når dei først skal få ei gåve frå selskapet. Som nettselskap er vi opptatt av kvalitet i alle ledd, og vi er prisgitt av å ha tilsette som yter sitt beste til ei kvar tid. Dei som har fått klokke no lever opp til dette, seier Bergheim.

Trivast

Driftskoordinator Torfinn Skogvoll trekkjer fram varierte arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø som viktige faktorar for at han har vore i selskapet i 40 år.

Torfinn Skogvoll (61) er ein av dei som har jobba i selskapet i 40 år. Som driftskoordinator har han ansvaret for 26 montørar som til ei kvar tid er ute på viktige oppdrag. For han er godt miljø og variasjon i arbeidet viktige faktorar.

–  Som oftast veit ein ikkje kva dagen bringer når eg kjem på jobb. Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene og hyggelege folk. Det er nok hovudgrunnane til at eg trivast så godt, og aldri har vurdert å skifte jobb, seier Skogvoll.