Ein sunnmøring i 50-åra må betale ei bot på 12.000 kroner etter ein ulovleg køyretur på Riksveg 60 i mars.

I følgje dommen fra Sunnmøre tingrett skal mannen ha krasja bilen sin natta før den aktuelle køyreturen mellom Stranda og Sykkylven ferjekai.

Mannen sjølv forklarte at han visste at bilen var skada og at framdekka ikkje var optimale. Men ikje atden var i ulovleg stand.

I følgje eit vitne hadde framdekka tydelig feilstilling og det kom svart røyk da bilen passerte. Han la seg på hjul og såg at bilen framom køyrde vinglete og fekk skrens i ein sving. Då ringde han politiet.

Politiet fekk tak i bil og førar på Aursnes ferjekai. Dei konkluderte raskt at bilen ikkje var køyrbar på grunn av skadar.

I ettertid blei bilen kondemnert og føraren dømt for brot på Vegtrafikkloven.

Han godtok ikkje den første bota fra politiet på 10.000 kroner. No er han dømt til å betale 12.000 kroner i bot, og 2.000 kroner i sakskostnader.