Kultur- og folkehelseutvalet vedtok i dag å tildele kunstnarstipend for 2016 til åtte ulike kunstnarar. Totalt vart det delt ut 600 000 kroner, som skal vere med å styrke Møre og Romsdal som kulturfylke, opplyser Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal.

- Kunstnarstipend skal gje kunstnarar høve til å fordjupe seg i større prosjekt. Vi er glade for at vi i år kan tildele eit stort arbeidsstipend som vil gje Geir M. Brungot moglegheit til å utvikle kunsten sin vidare. Vi håpar og trur at dei sju mindre stipenda også kjem godt med, seier utvalsleiar  Marit Nerås Krogsæter.

Geir M. Brungot får 200.000 kroner i i kunstnarstiped for 2016.

Det var totalt 25 søkjarar til kunstnarstipendet.

Følgjande søkjarar er tildelt kunstnarstipend for 2016:

Visuelle kunstartar – stipend på 200 000 kroner:  Geir M. Brungot, Sykkylven

Visuelle kunstartar:

  1. Liv Dysthe Sønderland, 70 000 kroner, Molde

  2. Magnhild Opdøl,  70 000 kroner, Ålvundeid

Musikk:

  1. Jorun Marie Kvernberg , 80 000 kroner, opphaveleg frå Fræna. Bur i Volda

Litteratur:

  1. Bjørn Vatne, 50 000 kroner, Ålesund

  2. Øystein Hauge, 30 000 kroner, Fræna

Film:

  1. Jan Otto Ertesvåg, 60 000 kroner, Ålesund

  2. Øystein Frøyland,  40 000 kroner, Volda

Målet for ordninga er å bidra til å fremje profesjonell kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet blant kunstnarar som bur og arbeider i fylket. Stipendet gir kunstnarane høve til å fordjupe seg og arbeide med nyskapande utviklingsarbeid innan sitt kunstfelt.

– Auka i Kunstnarstipendet har også gjort det mogleg å gje stipend til fleire kunstnarar enn tidligare. Det gjer at fleire kunstnarar innanfor film, litteratur, visuelle kunstartar og musikk no får betre vilkår, og at Møre og Romsdal er styrka som kulturfylke, seier Krogsæter.

Bjørn Vatne er tildelt 50 000 kroner innanfor sjangeren litteratur. Foto: Privat
Jorunn Kvernberg har fått tildelt 80 000 kroner i sjangeren musikk. Foto: Geir Dokken