Norled håper at bilferja M/S «Ullensvang» kan vere tilbake etter årleg verkstadopphald ved Vegsund Slip, kommande helg.

- Vi trur den blir ferdig anten torsdag eller fredag, seier regionsjef ferjer Inge Andre Utåker til Smp.no.

- Det har vore litt forseinka delar, og også noko mangel på spesialverktøy. I tillegg har det også vore behov for ekspertar frå tredjepart, legg han til.

Ferja skulle etter planen har vore klar att rundt 1. juni, men Norled melde onsdag at den 30 år gamle ferja måtte vere lenger på verkstad og at C-ruta difor ville utgå inntil vidare.

Det har vore ein del kø og attståande bilar på strekninga sidan bilferja gjekk ut av sambandet frå 18. mai. Årsaka er at «Tidefjord» og den mindre ferja «Høgsfjord» har problem med å ta unna trafikken.