Ein mann vart natt til søndag sett i arrest for å ha forstyrra ro og orden i Stryn.

Ifølgje politiet vart mannen rundt mindatt først bortvist frå sentrum etter at han full og vanskeleg sette seg opp mot betjeninga ved ein utestad. Vel ein time seinare skal han vidare ha gjort seg skuld i ordensuroing ved ein campingplass, også det i sentrum.