Se bildekarusell i toppen av saken for presentasjon av alle finalistene

– Vi var innom fleire forskjellige idear før vi landa på dette produktet, fortel Petter Alfred Lervåg.

Valet falt på ein rund glasmedaljong som kan henge i vindauget, knytast rundt ei vinflaske eller blomsterbukett, og ikkje minst, som lett kan takast med heim i bagasjen til turistar. Motivet på glaset er av Devold og Sulafjellet og bytrappene i Ålesund.

Interesserte

Ungdommane har vore rundt på kundebesøk både hos Atlanterhavsparken, Aalesunds Museum og Jugendstilsenteret. Dei har kome med eigne ønsker til motiv, og elevane har no utvikla produktet vidare til sunnmørsfinalen i Innovasjonscampen som går av stabelen torsdag.

Som mentor og oppdragsgjevar er Cornelia Skuggen oppteken av at produktet skal bli bra.

– Til sjuande og sist er dette eit produkt som skal kome frå meg, og då skal det ikkje sjå ut som eit ungdomsskuleprosjekt. Så eg har vore litt strenge med dei, ja, seier Skuggen.

– Ho har vore litt streng, men det er berre bra. Vi hadde ikkje jobba så godt om ho ikkje hadde vore det, seier Lervåg.

Reelle oppdrag

Innovasjonscampen er det som tidlegare gjekk under namnet Gründercamp. I år har alle påmelde grupper fått eit reelt oppdrag frå ei bedrift eller organisasjon, det vere seg alt frå å designe ein ny regnfrakk til å planlegge ein tomannsbustad.

Fleire av ideane frå tidlegare år er i bruk hos bedriftene i dag.

– Elevane får ein liten smak av arbeidslivet som ventar. Niandeklasse er kjent for å vere det tyngste skuleåret og det er derfor vi køyrer denne Innovasjonscampen då, seier Henrik Vedde, rådgjevar i Ungt Entreprenørskap i Møre og Romsdal.

Presentasjon

Torsdag skal over 400 lærarar og elevar møtast på Parken kulturhus der dei ti finaleprodukta skal presenterast.

Dette blir første gong skulevinnarane samlast til ein felles Sunnmørsfinale. Her blir det ikkje berre lagt vekt på produktet, men også presentasjonsteknikk. Det blir underhaldning, og Kjell «Kjellen» Bigset skal leie programmet. Sulaelevene syns det har vore godt med eit lite avbrekk frå den vanlege skulen.

– Det har vore ei kjekk oppleving. Vi har bra samhald og samarbeid i gruppa, og vi har lært mykje om både marknadsføring og produksjonen, seier Ingrid Johanne Høydal.

Se bildekarusell i toppen av saken for presentasjon av alle finalistene

<strong>Bytrappene:</strong> Elevane jobbar no med å vidareutvikle produktet fram mot finalen, mellom anna ved å jobbe fram nye motiv etter ønske frå bedrifter dei har vore i kontakt med.