Onsdag kveld blei det haldt kommunestyremøte i Skodje kommune for å avgjere om kommunen skulle støtte den utarbeidde intensjonsavtalen om å slutte seg til den nye Ålesund kommune. Alle partia fekk komme til og uttrykte sine meiningar om saka, men til slutt blei det fleirtal for at Skodje skulle gå inn i den nye ålesundskommunen saman med Sandøy.

– Det var som forventa. Det var inga overrasking, seier ordførar Dag Olav Tennfjord etter voteringa.

Skeptisk

Det var fleire som var skeptiske til intensjonsavtalen og då særskilt Senterpartiet. Dei er skeptiske til at det førebels berre er Skodje og Sandøy som går inn i ein ny storkommune saman med Ålesund.

– Intensjonsavtalen lovar ingenting. Kva som helst kan skje, fortel Ragnhild Stette (Sp). Ho meiner Skodje kan misse mykje av råderetten sin over nærområda når dei går inn i eitt samarbeid med Ålesund, som er ei stor kommune, berre saman med Sandøy.

Fleirtal

Etter votering blei det fleirtal for den utarbeidde intensjonsavtalen. Det var to punkt kommunestyret røysta over:

  • Skodje kommunestyre godkjenner den reviderte intensjonsavtalen for nye Ålesund kommune. Åtte røysta i mot, 13 for.

  • Skodje kommunestyre vedtek å etablere ei ny kommune saman med kommunar som inngår i samarbeidet om nye Ålesund kommune. Åtte røysta i mot, 13 for.