Knut Johan Jansen i Lærdal var søndag morgon på fjellet for å sjå til sauene sine då han oppdaga ein bil med svær hengar med sauer på.

– Han hadde fylt oppi halve hengaren med 20 sauer, og stengt dei av.

– Då vi kom, var han i ferd med å lokke innpå ei ny pulje med sauer, fortel Jansen til smp.no.

Det viste seg at mannen hadde stoppa to stader langs riksvegen oppe på Hemsedalsfjellet. Først hadde han lokka oppå sauer som høyrer til ein annan saueeigar.

Då Jansen kom til staden, var mannen i ferd med å lokke oppå ein flokk med Jansen sine eigne sauer.

Ein godt vaksen mann

Mannen er i 40-åra.

– Han var godt vaksen, i alle fall i alder, seier sauebonden.

– Og han var ikkje så god å ha med å gjere til å byrje med, før eg ringde politiet, fortel Jansen.

Då tjuven forstod at han var tatt, vart han meir medgjerleg.

– Oppdragsgjevar på Austlandet

– Han fortalde at desse sauene skulle leverast til ein oppdragsgjevar på Austlandet, men han ville ikkje seie kven dette er.

Han kom også med sertifikatet, slik at Jansen og politiet fekk identiteten hans. Mannen har bustadadresse på Austlandet.

Tjuven ville gjerne sleppe sauene av hengaren, medan sauebonden ville at politiet skulle kome på plassen først.

– Men politiet meinte at når eg hadde dokumentert og rapportert med bilde, så kunne han få lov til å sleppe dei av. Dette blir politimeldt i morgon, seier bonde Knut Johan Jansen.