Fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane ber politikarane seie ja til sal av Fjord1-aksjar til Havilafjord, slik den framforhandla avtalen legg til rette for.

Fylkesutvalet skal ta stilling til saka onsdag, medan fylkestinget får saka på sitt bord i møtet fredag.

Ifølgje saksframlegget til fylkesutvalet gjeld salet 26 prosent av aksjane i Fjord1. Det gir Sævik-familien ein eigardel på 67 prosent og full kontroll over ferjeselskapet. I avtalen ligg det at Havilafjord har opsjon til å kjøpe dei resterande 33 prosentane av aksjane frå årsskiftet.

– Mindre risiko

Kva dei må betale for aksjane er sladda i aksjekjøpsavtalen, men kjelder har tidlegare antyda at summen truleg ligg på mellom 650 og 700 millioner kroner.

Fylkesrådmann skriv i saksframlegget at avtalen med Havilafjord betyr ein lågare risiko for fylkeskommunen, enn i den førre avtalen med Torghatten. I den avtalen var ein avhengig av resultatet for å få utbytte.

Solide finanser

I ein analyse frå Kjelstrup & Wiggen Consulting gjort på oppdrag for fylkeskommunen blir det slått fast at økonomien i morselskapet Havila Holding er «solid og god».

Trass utfordringane Sævik-familien har på andre hold, meiner konsulentane det er sannsynleg at selskapet har finansielle musklar til å realisere opsjonen på de gjenverande 33 prosentane.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no