Styret hadde fredag oppe saka om framtidig kontorstruktur og har vedteke å be Kunnskapsdepartementet om fullmakt til å leggje ned to av dagens seks kontorstader.

Om departementet gir klarsignal, blir kontora i Ørsta og Tromsø lagde ned innan 1. januar 2020. Ved kontoret i Bergen blir det tilsetjingsstopp, noko som inneber at kontoret forsvinn på sikt.

22 tilsette ramma

Kontoret i Ørsta har i dag 22 tilsette. 19 av dei er fast tilsette.

I vedtaket heiter det at Lånekassen er ei digital verksemd, der hoveddelen av kundebehandlinga skjer med sjølvbetjening og heilmaskinell behandling. Vidare digitalisering av tenester og automatisering av arbeidsprosessen, i samsvar med Lånekassens strategi, vil føre til redusert omfang av manuell saksbehandling.

-Dagens kontorstruktur med manuell saksbehandling på seks lokasjonar er ikkje robust i eit langsiktig perspektiv, heiter det i vedtaket.

Kuttar også i Oslo

Styret legg til grunn at kontorstadane i Oslo, Trondheim og Stavanger blir vidareført. Det blir vist til at det er viktig at utviklings- og IKT-miljøa som er bygd opp i Trondheim og Oslo framleis må vere samlokalisert med manuell saksbehandling.

Det blir også lagt til grunn at talet på medarbeidarar innan manuell saksbehandling i Oslo skal kuttast frå dagens om lag 60 årsverk til 25 til 30 årsverk.

Styret ser utfordringane som omstillinga vil innebære for tilsette som blir ramma og legg til grunn at administrasjonen syter for gode prosessar og løysingar.

Departementet avgjer saka

Ifølgje pressemeldinga er dette einstemmig vedteke, men tilsetterepresentantane tek ikkje stillig til kva kontorstader som bør leggast ned.

Saka blir no sendt over til Kunnskapsdepartementet for vidare behandling.