Arild Gjørvad (t.v) og Ann Kristin Mossberg frå byggherren såg til at ordførar Tryggestad var ein stødig snorklippar.
(Foto: ATLE HOLE)

Arild Gjørvad (t.v) og Ann Kristin Mossberg frå byggherren såg til at ordførar Tryggestad var ein stødig snorklippar. Foto: ATLE HOLE

Geiranger Skywalk offisielt opna

Fjellmannen Per Ivar Lied, tidlegare rådmann i Stranda kommune og med opphav frå Liabygda, vart premiert for lanseringa av namnet.

Like før snorklippinga vart namnet kunngjort og Per Ivar Lied kalla på scena. Det vanka premie på opphavsmannen; ei kasse med kortreiste fjordprodukt.

– Namnet kom eigentleg fort. Sidan det skulle ha ein ordlyd som slo internasjonalt, datt det ned i meg at Geiranger Skywalk måtte vere bra. Det skal seiast at eg også sende inn eit par andre forslag.

Sola braut gjennom

Markeringa 1500 meter over havet opna i skodde, og heilt utan sikt. Men etter ein dryg time med programinnslag av høg nasjonal kvalitet, helsingar og historikk, fann sola det rett å bryte gjennom. Sjølve snor-klippinga, hadde Geiranger Skysslag sett vekk til ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad.

– Så høgt oppe har eg aldri før vore, slo han humoristisk fast, før han utførte handlinga som markerte den offisielle opninga av det spektakulære utkiksplatået, restaureringa av den gamle stien og bygging av nye parkeringsplassar.

– Rusta for framtida.

Oppdrageringa på Dalsnibba siste året er halde godt innanfor budsjettet med ein total prislapp på kring 13 millionar, inkludert asfaltering.

– Dalsnibba er med dette rusta for framtida, kunngjorde ein nøgd Arild Gjørvad i Geiranger Skysslag frå scena.

Meir frå Dalsnibba kjem på papir

Ann Kristin Mossberg frå byggherren Geiranger Skysslag i midten. T.v Kari Bergo frå Prosjekteringsgruppa Østengen & Bergo, medan Magnor Ramstad i ART arkiteter og ingeniører AS har stått for byggeleiinga.
(Foto: ATLE HOLE)

Ann Kristin Mossberg frå byggherren Geiranger Skysslag i midten. T.v Kari Bergo frå Prosjekteringsgruppa Østengen & Bergo, medan Magnor Ramstad i ART arkiteter og ingeniører AS har stått for byggeleiinga. Foto: ATLE HOLE

Staselege bilar og sjåførar, her representert ved Karl Mjelva.
(Foto: atle hole)

Staselege bilar og sjåførar, her representert ved Karl Mjelva. Foto: atle hole

Per Ivar Lied såg ut til å trivast på platået han gav namn; Geiranger Skywalk, Dalsnibba.
(Foto: ATLE HOLE)

Per Ivar Lied såg ut til å trivast på platået han gav namn; Geiranger Skywalk, Dalsnibba. Foto: ATLE HOLE

Fyrst ute: Lise Hellandsvik, Marit Sand, Aase Pernille Gjerde, Sirikit Vågen, Kirsti Fagerslett og Hilde Skuggen var på Blåtur denne helga og var innom «Skywalken» i Geiranger. Her i godt selskap med ordførar Tryggestad.
(Foto: atle hole)

Fyrst ute: Lise Hellandsvik, Marit Sand, Aase Pernille Gjerde, Sirikit Vågen, Kirsti Fagerslett og Hilde Skuggen var på Blåtur denne helga og var innom «Skywalken» i Geiranger. Her i godt selskap med ordførar Tryggestad. Foto: atle hole

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Myndighetene til kamp mot ulovlig laksefiske

Myndighetene har bestemt seg for å komme laksefiske med ulovlige garn til livs. Problemet er desidert størst i Nord-Norge.