Måndag fekk ho eit lyspunkt i ei vanskeleg tid då Beslutningsforum for nye metodar ga grønt lys for at immunterapi  skal dekkast av det offentlege, skriver NRK Møre og Romsdal.

– Dette betyr enorm mykje for meg, Kanskje får eg leve lenger og følgje opp dei tre små barna mine, seier Kobbevik til kanalen.

42-åringen jobbar som folkehelsekoordinator i Ålesund kommune og har alltid levd sunt. Det kom som eit sjokk at ho skulle bli ramma av lungekreft, og i helga fortalde ho si historie til NRK.

Kobbevik håpar at ho er mellom dei som kan ta del i behandlinga sjølv om ho er klar over at det ikkje er nokon mirakelkur.