Det melder ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding.

– Eg er svært glad for at vi no kan setje fart på to viktige prosjekt for å finne gode klimaløysingar som også gjev folk ein betre kvardag: Meir miljøvenlege omsorgsbustader og auka satsing på sykkel, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

Tildelinga er for å vise veg for andre kommuner i klimagassreduksjon og overgang til framtidas nullutsleppssamfunn. Omsorgsbustadene skal bli mest mogleg klimavenlege, og Eid vil sjå på å bygge i massivtre.

Kommunen får 250.000 kroner til å lage ein kommunal sykkelstrategi. Eid er ein av fem pilotkommuner i hydrogen-prosjektet til Sogn og Fjordane fylkeskommune, som også har fått Klimasats-midlar.

Fleire har fått støtte

Ifølgje Miljøverndirektoratet så er det gitt millionar av kroner til over 90 kommuner. Direktoratet mottok 332 søknader, og potten blei på 98 millionar.

I vårt område har Haram fått 160.000 til lading av tenestebilar. Fylkeskommunen har fått ein million til teknisk miljøkompetanse i administrasjonen. Sandøy har fått 225.000 kroner til kjøp av avfallsdunkar i fornybar plast.

Stranda har fått 250.000 til Hellesylt Hydrogen Hub. Vestnes har fått 200.000 til ladestasjonar, og Ålesund har fått 1,6 millionar til framtidig kollektivløysing, kunnskap og nettverk for klimaløft i Ålesundregionen.

I Sogn og Fjordane har fylkeskommunen fått 800.000 til eit hydrogen-prosjekt.