– Det har iallfall gjeve meg ein betre arbeidskvardag. No har eg blitt flinkare til å ta ut fridagar. Ettersom vi skriv opp talet på timar vi arbeider, så blir det også lettare for prosten å legge press på oss for å ta meir fri, seier Erlend Lunde.

Han er sokneprest på Ikornnes i Sykkylven, og hovudverneombod for prestane i Møre.

Frå 1. januar i år tok prestane til å telje talet på timar dei er på jobb, for å regulere arbeidstida.

Arbeidsmiljølova

For i ein avtale som vart forhandla fram mellom prestane og departementet i fjor vart det slege fast at no skal arbeidsmiljølova også gjelde for prestane.

Men både Erlend Lunde, og sjefen hans, prost Svein Runde, vedgår at det ikkje alltid er like lett for ein prest å finne tid til å ta ut ein fridag eller to. Prestane slit litt med akkurat det.

– Eg har oppmoda prestane i mitt prosti til å vere litt spontane, og ta ut ein fridag når det passar. Og er det ein finvêrsdag, så er no endå betre, seier Runde.

Den nye ordninga fører i hovudsak til at prestane må jobbe færre timar enn før.

– Då dukkar det opp eit problem: Kvar skal ein redusere i arbeidsmengda? Dette har vi prostar drøfta på møta våre. Det er jo ofte store forventningar i kyrkjelyden til kva ein prest skal delta på, seier Runde.

På dei same prostemøta har det også kome fram at prestar over heile distriktet har problem med å ta ut fridagar dei har rett på, kort og godt fordi oppgåvene står i kø.

Samtidig er det no prosten si oppgåve å sjå til at prestane følgjer arbeidsmiljølova.

– Mange av prestane har vore vande til at det ikkje har vore nokon grenser for kor mykje dei kunne arbeide. Då er det vanskeleg å skulle avgrense arbeidstida no. Så det er i stor grad snakk om ei kulturendring i kyrkja, seier hovudverneombod Erlend Lunde.

Dei unge

Prost Svein Runde trur dei unge prestane set meir pris på den nye arbeidstidsordninga, enn sine litt eldre kollegaer.

Og nettopp dei unge er også i hovudverneombod Erlend Lunde sine tankar:

– Skal vi klare å rekruttere unge til presteyrket så må vi sjå på arbeidstida. Dagens unge er meir bevisste på sin rettar, og vil ikkje arbeide heile tida, seier Erlend Lunde.

Han legg til at det er viktig også for prestane å ha ordna arbeidsforhold. Då tek ein betre vare på helsa, og presten held ut lenger i tenesta.

Livsstil

Samtidig strekar Lunde under at det å vere prest framleis er ein livsstil. Det er ikkje så mange andre yrkesgrupper som arbeider tre søndagar på rad, slik som han gjer.

Likevel klagar han ikkje. Han synest han har ein spanande, sjølvstendig og meiningsfull jobb. Det har han inntrykk av at kollegaene hans også synest at dei har.

– Eg har ikkje inntrykk av at prestar er meir utsette for å bli utbrende, enn det andre yrkesgrupper er. Sjukefråveret er heller ikkje spesielt stort, seier Erlend Lunde, hovudverneombod for prestane.

Prost: Svein Runde er prost i Austre Sunnmøre prosti. Foto: Terje Engås