Neteland (56) kjem frå stillinga som konsernsjef i Vestlandsentreprenøren AS, og det er styret i Fjord1 som har avgjort å tilsette Neteland igjen.

56-åringen var adm. dir. i Fjord1 frå juni 2014 til desember 2015.

Styreleiar Pål Wergeland Lorentzen er nøgd.

– Fjord1 er ein leiande og særdeles viktig aktør innan norsk samferdsle. Som for alle verksemder over tid, er Fjord1 framfor alt avhengig av å drive lønsamt og sikre kontinuerleg utvikling av verksemda. Med Dagfinn Neteland bak roret vil det igjen skapast tryggleik for at Fjord1s utvikling skjer i riktig retning og i dei rette farvatn, til beste for både kundar, tilsette og eigarar, seier Lorentzen i ei pressemelding.