BRENNANDE ENGASJEMENT Emilie Hansen leia fakkeltoget i går, som starta frå Fosnavåg sentrum. Rundt 150 personar i alle aldrar deltok.
(Foto: Svein Aam)

BRENNANDE ENGASJEMENT Emilie Hansen leia fakkeltoget i går, som starta frå Fosnavåg sentrum. Rundt 150 personar i alle aldrar deltok. Foto: Svein Aam

Støtte for asylsøkjarar:

– La gutta få bli i Norge, er beskjeden frå Emilie (17) og dei andre i fakkeltoget

– La gutta bli, er beskjeden frå Emilie Hansen (17) og dei andre som går i fakkeltog for afghanske flyktningar i Fosnavåg onsdag kveld.

Bakgrunnen for demonstrasjonen er situasjonen til afghanske asylsøkjarar i Norge, der eit stort fleirtal har fått nei på sine søknader om asyl.

– Vi vil markere at vi bryr oss om våre medmenneske, at vi står opp for kvarandre og at vi er imot returnering av mindreårige til krigsramma land, seier Emilie Hansen (18) frå Herøy.

Ho er initiativtakar til fakkeltoget, og til ein underskriftsaksjon som no har fått 3.100 underskrifter.

Mottaksleiar reagerer

Uroa for rettstryggleiken

Eit vedtak i UDI gjorde «Ahmed» tre år eldre. Dermed er han ikkje lenger einsleg mindreårig asylsøkjar.

Avslag

Hennar engasjement vart uløyst av Sunnmørsposten sin artikkel for ein månad sidan om 16 (snart 17) år gamle «Sadeq», som bur på mottaket for einslege mindreårige asylsøkjarar i Fosnavåg.

Han, og fleire av dei andre unge afghanske gutane, har fått avslag på sine asylsøknader, med beskjed om å returnere til heimlandet.

– Eg fekk sjokk då eg høyrde om avslaget. Han er ein av mine beste venner, og eg kan ikkje sitje roleg å sjå på at han vert tvinga til å reise tilbake til eit land som er i krig. No ønskjer vi å vise gutane våre at dei ikkje står åleine, seier Emilie Hansen.

UDI strammar grepet

«Sadeq» (16) får asyl-nei og må reise heim

Ein 16-år gamal afghanar i Herøy er eit av fleire barn som må returnere til heimlandet – Alle som dreg tilbake risikerer å bli drepne, seier han.

Mange får nei

NRK melde onsdag at 75 prosent av alle afghanske asylsøkjarar som kom til Norge i fjor får avslag på asylsøknaden. Av mennene får ni av ti avslag. Den norske praksisen er politisk omstridd, sidan det er usemje om kor trygt det er å returnere.

– Eg høyrer på kva gutane fortel sjølve, og eg har prøvt å setje meg inn i situasjonen i Afghanistan. Vi veit at det nesten dagleg er bomber der, og at det stadig er kampar. Så eg synest ikkje at vi kan finne oss i at Noreg sender tilbake ungar til eit slikt land, seier Emilie Hansen.

– Nyttar det å demonstrere?

– Det blir tøft å vinne fram, men eg veit at dersom eg ikkje prøver å gjere noko, så vil det plage meg i lang tid.

– Gutane er redde

I Herøy er 38 av 40 mindreårige einslege asylsøkjarar frå Afghanistan. Den strenge praksisen til UDI får lærarane deira i Herøy til å reagere.

Amnesty

Ein annan som har engasjert seg er Kjetil Haanes.

Den nyvalde styreleiar i Amnesty International er norsklærar for dei afghanske gutane.

– Amnesty er ut frå eit menneskerettsperspektiv svært kritisk til behandlinga av mindreårige afghanske asylsøkjarar – av fleire grunnar, seier Kjetil Haanes, som skal halde appell i samband med fakkeltoget i Fosnavåg.

– Amnesty er kritisk til både grunnlaget og måten unge afghanarar vert henta på mottak rundt om i landet og sende til politiet sitt utlendinsinternat på Trandum, seier Haanes.

Aksjonen «La gutta bli» har spreidd seg til andre delar av landet. Også i Svolvær var det fakkeltog onsdag kveld.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Malakoff 2017