Mannen må også betale 150.000 kroner i erstatning til ei kvinne, og 80.000 kroner til ei anna.

Retten fann det bevist at mannen hadde samleie med ei sovande kvinne og var skuldig i utuktig handling mot ei anna kvinne. Ifølgje Fjordane tingrett er rettspraksis fengsel i fire år for ei fullbyrda sovevaldtekt.

Straffa for utuktig handling er fengsel i inntil eitt år.

I dommen legg retten vekt på at mannen heldt fram med handlingane etter at han hadde fått klare signal, både munnleg og i handling, på at kvinna motsette seg handlingane.

I formildande retning legg retten vekt på at tiltalte ikkje har stilt spørsmål ved dei krenkte sitt truverde. Samleis har han erkjent ansvar for å betale erstatning til dei.

Både retten og aktor meinte tiltalte skulle ha eit frådrag i straffa på om lag eit halvt år etter prinsipp i straffelova.