Etter å ha sett ned prisen fleire gonger gjekk skulen i Ramstaddal for 470.000 kroner, medan ein kjøpar var villig til å betale 420.000 kroner for det gamle skulebygget i Hundeidvik.

– Vi er glade for å bli kvitt bygga, men vi skulle gjerne ha fått meir for dei, seier Odmund Grebstad, leiar for bygg og anlegg i Sykkylven kommune.

Frå før har kommunen seld ein gamal barnehage på Ikornnes, og to prestebustader.

Dei har også ein gamal skule på Ikornnes. Han skal rivast, har kommunen vedteke.

Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no