Arnt Erik Blindheimsvik og familien på Vigra køyrer rundt i leigebil for tida. Årsaken: To mus har forsynt seg av interiøret, teke det med seg inn i  varmeanlegget og begynt å byggje bol der.

- Kva om dei hadde formeira seg?

- Ja, det hadde jo blitt hyggelig. Dei hadde i alle fall ikkje kome seg ut av bilen, så...

Blindheimsvik let orda henge i lufta.

Her er syndaren som ville slå seg til ro i bilen til Vigra-familien. Foto: privat

Skulle byggje bol

Det er kanskje ikke kvardagskost å måtte levere bilen til verkstad for å få renovert den etter museinvasjon.

- Det var første gong for verkstaden òg, fortel Blindheimsvik.

Det første dei oppdaga, var at det var hol i seta. Då frua sa at ho trudde det var mus i bilen, sa Arnt Erik nei, det kunne det vel ikkje vere.

- Så såg vi at dei hadde gnaga så det var porolon utover. I hanskerommet, i mappa med vognkort og det, hadde dei teke med seg alt av porolon. Då ringte eg forsikringsselskapet, seier Blindheimsvik.

Smågnagarår

Og der hadde dei vore borti liknande. I år er det nemlig museår, fekk han fortalt. Heldigvis dekkjer forsikringa alt, og det er godt når alt av interiør i bilen må skiftest ut.

Denne mappa med vognkort var av porolon, så den ville musene gjerne ha for å byggje bol. Foto: privat

- Musene hadde tydeleg vore i taket òg, seier familiefaren, som fanga begge musene med felle same dag.

Dei får neppe tilbake bilen på denne sida av nyttår, men utfallet kunne blitt verre.

- Fruen er redd for mus, og hadde dei kome fram medan ho var ute og køyrde, så hadde vegen vore det siste ho såg på, kan du seie.

Han har dessutan lært kor viktig det er å ha forsikringa på plass.

- Vi er tydelegvis ikkje dei einaste, og det er lurt å ta nokre forholdsreglar både med forsikring og passe på å lukke dørene, seier Blindheimsvik.