Markering i Volda

Trøysta Zozan og Syria: – Så sterkt at eg ikkje har ord

Kva kan vi gjere for å hjelpe Zozan og Syria?, spurde barna på fotballfritidsordninga i Volda. Resultatet vart ei sympatimarkering på Volda stadion.
Nyheter

Rundt 200 barn og vaksne tende i kveld lys for Syria på Volda stadion.

Samstundes vart det samla inn pengar til Røde kors sit hjelpearbeid i det krigsherja landet.

Fotballmamma

Midt i det heile stod Zozan Hasan, syrisk flyktning busett i Volda. Ho er altmulegkvinne på fotballfritidsordninga til VTI, og ei populær dame mellom ungane.

–Borna har fått med seg det som skjer i Syria, og dei lurte på om det var noko dei kunne gjere. Med denne samlinga håper vi at Zozan ser at vi bryr oss, sa Solveig Storeide, dagleg leiar i VTI Fotball, til dei frammøtte.

Zozan Hasan var rørt over støtta.

–Det er heilt fantastisk med slik støtte. Det er så sterkt at eg ikkje har ord, seier Zozan Hasan.

Hoff ber verden gi Aleppos sivile beskyttelse

Aleppo (NTB): Menneskene som evakueres fra Øst-Aleppo, er psykisk sterkt preget av å ha levd i en krigssone de siste månedene. Nå må verdenssamfunnet gi dem beskyttelse, sier Elizabeth Hoff i WHO.