Det var klokka 3 på natta at den første meldinga kom. Då blei det oppdaga at nokon hadde knust eit vindauge på gatekjøkenet Naustet Grill i Volda sentrum.

Ikkje lenge etter vart det gjennomført eit grovt tjuveri ifrå Ringo leiketøysbutikk i Ørsta. Der vart eit vindauge knust og det blei stolen pengar.

Og ikkje lenge etter det att skjedde det eit innbrot hos MC-Deler i Vartdal.

No er ein mann i 20-åra tiltalt for alle tre hendingane. Han er også tiltalt for å stele skiltet til ein bil, for falsk melding av tjuveri av ein bil og for å ha oppbevart 166 gram cannabis og ei mindre mengde Lsd. Mannen er òg tiltalt for å ha brukt amfetamin.

Saka skal starte 25. januar i Søre Sunnmøre tingrett.