Volda:

Høgskule får forskingsmillionar

Høgskulen i Volda har fått tilslaget på to forsking- og utviklingsprosjekt ved Avdeling for mediefag (AMF).

Høgskulen i Volda.  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Det største, som er i samarbeid med Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO), får totalt ei ramme frå Norges forskingsråd på 54 millionar kroner, der Høgskulen i Volda sin del utgjer 1,7 millionar kroner, skriv Høgskulen på sine nettsider.


Mediebygg klart i 2020

Høgskulen i Volda vil ha klart eit nytt mediebygg til semesterstart i 2020.


– Avdeling for mediefag har aldri fått så mykje midlar til eit formidlingsprosjekt før. Dette er utruleg viktig både for oss som avdeling og for høgskulen som institusjon. Eg er både stolt og glad, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, som er dekan for Avdeling ved mediefag på Høgskulen.

Høgskulen skal stå for forskingsformidlinga av eit prosjektet om korleis mikroalgar kan nyttast til mat, drikke og i fôrproduksjon for mellom anna oppdrettsnæringa.