Bakgrunnen er eit utspel som samferdselssjefen har kome med om ein reiseapp. Samferdselssjefen har tidlegare m.a. i Sunnmørsposten fortald om planar samferdselsavdelinga har omkring dette.

Ber om informasjon

Fylkeskommunen skal gi ruteinformasjon Flere velger kollektivt i Møre og Romsdal Mer til informasjon om kollektivtrafikken og bedre samordning av ruter, er tiltak som det skal brukes penger på de neste årene.

-  Eg vil be om  ei nærare orientering om denne satsinga, om appen og innhaldet i den, om framdrifta med tanke på at reisande i heile Møre og Romsdal kan få ta den i bruk så snart som råd og ellers det som vil vere relevant for denne satsinga, skriv gruppeleiaren i Møre og Romsdal Høgre, Charles Tøsse til samferdselssjefen.

Vanskeleg planlegging

- Eg trur dei fleste kollektivbrukarar i Møre og Romsdal har hatt og har - utfordringar med å planlegge sine reiser, særleg over lengre strekningar i fylket. Etter mi meining eit for tungvint system for planlegging og til tider dessverre informasjon som ikkje alltid er korrekt eller oppdatert. I tillegg har vi nok heller ikkje hatt eit billetteringssystem som har vore prosent brukarvennleg.

Positivt med kollektivt

Ålesund Nå blir det busser hvert kvarter heilt til midnatt Fylkestinget sa denne veka ja til forslaget om sju millionar til kollektivsatsing i Ålesunds-regionen. I løpet av 2017 vil reisande i dette området nyte godt av store forbetringar i kollektivtilbodet.

Derfor er det svært positivt det som no skjer for å gjere kollektivtilbodet meir brukarvennleg, samt at dette truleg også vert eit forbetra og meir effektivt system for operatørane, skriv Tøsse som har tru på auka kollektivbruk om informasjonen og billetteringa blir gjort lettare tilgjengeleg.

Blir auke

- Med eit forbetra rutetilbod og eit moderne system for planlegging, informasjon og billettering har eg stor tru på ei vesentleg auke i kollektivbruken i fylket - ikkje minst gjeld dette våre ungdomar - framtidas brukarar.  Derfor er det svært viktig at denne ordninga kjem på plass fullt ut, i heile fylket, snarast mogleg, meiner Tøsse.