Rustar opp skulebygg

Volda kommune eig Ivar Aasen-huset på Høgskulen i Volda, og har no bestemt at huset skal kraftig oppgraderast.

Skule Dette var det første bygget som vart reist då Volda fekk sin Distriktshøgskule i 1972.   Foto: Terje Engås

Nyheter

I løpet av sommaren skal huset få eit heilt nytt utvendig skal i stål og glas, og det vil bli bygd i tre etasjar mot dagens to, skriv skulen på heimesida si.

Den nye etasjen blir i første omgang ikkje innreidd. I tillegg skal heile huset få heilt nytt ventilasjon-, lys- og varmestyringssystem. Heile prosjektet er ein del av Volda kommunes EPC-prosjekt der over 30 hus i kommunen blir oppgraderte.

Det er dei tilsette ved Avdeling for mediefag som har sine kontor i Ivar Aasen-huset. Desse slepp å flytte ut av kontora i byggetida.

Ivar Aasen-huset var det første huset som vart bygd særskilt for å huse høgskulen, og opna i 1972.