Ein bil køyrde i grøfta ved Hovdebygda i Ørsta ved 5-tida søndag morgon. Ein person blei brakt til legevakt, meldte politiet på Sunnmøre på Twitter.

Søndag formiddag opplyste operasjonsleiar John Bratland til smp.no at politiet etterforska saka. Kort tid seinare opplyste politiet på Twitter at ein mann i 20-åra var sikta for køyring i ruspåverka tilstand.

Politiet tok beslag i førarkortet til sjåføren, og tok vedkomande med for å ta blodprøve.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Ulukkesbil meldt stolen

I Valldal i Norddal hamna ein bil av vegen og inn i eit tre laurdag kveld. Ingen var i bilen då politiet fekk melding om saka, meldte politiet på Sunnmøre på Twitter.

(saka held fram under)

Politiet har ikkje knytt nokon til utforkøyringa, men saka blir etterforska vidare.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no