Arrangørane streamar konferansen live, følg den via smp.no
I dag arrangerer arrangerer Haram Næring og Innovasjonsforum Haramskonferansen. Konferansen, som finn stad i Ingebrikt Davik-huset, er eit samarbeid med Ålesund Kunnskapspark (Åkp) og Haram kommune. Konferansier er Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest.
Tema for årets konferanse er «Omstilling i regionen», og programmet er som følgjer:
09.45–10.00 Ordførar Vebjørn Krogsæter, Haram kommune
10.00–10.30 Statsminister Erna Solberg
10.30–11.00 Direktør Knut E. Sunde, Norsk Industri Rammevilkår for konkurransedyktig produksjon i Norge
11.00–11.30 President Mikael Makinen, Rolls Royce Marine AS Marin industri i omstilling
11.30–12.30 Lunsj
12.30–12.45 Ungdomskoret Uhørt Kulturinnslag
12.45–13.05 Professor Hans Petter Hildre, NTNU i Ålesund Utdanning og forsking i nært samarbeid med næringslivet
13.05–13.25 Adm dir Henning Borgen, SINTEF Ålesund SINTEF Ålesund – rolle i nyskaping og omstilling
13.25–13.50 Adm dir Kjell Norvoll, Nogva Motorfabrikk AS Nogva Motorfabrikk AS. Frå bygdesmie til internasjonal teknologibedrift. Kva med framtida?
13.50–14.05 Seniorrådgiver Jan Børre Rydningen, ÅKP Blue Ocean Innovation Arena
14.05–14.20 Pause
14.20–15.30 Professor Frank Aarebrot Kommentar til temaet i konferansen
15.30 Slutt
Når det gjeld statsministeren, har ho eit tettpakka program under besøket. Etter konferansen reiser Solberg vidare til bedrifta lmatec Pyro på Gamlem i Søvik. Bedrifta har utvikla ei løysing for varmegjenvinning på fiskebåtar, skip og riggar.
Statsministeren skal møte veftsindustrien
Etter dette får Solberg skyss med redningsskøyta «Idar Ulstein» til Ulsteinvik og Ulstein Expo. Der har Solberg invitert verft, reiarlag og utstyrsleverandørar på Sunnmøre til eit møte for å diskutere situasjonen i næringa og utsiktane fremover, og mellom deltakerane er Ulstein, Kleven, Fiskerstrand Verft, Rolls-Royce, Ulmatec, Farstad, Sølvtrans, NTNU Ålesund og GCE Blue Maritime.
Statsministeren avsluttar sunnmørsbesøket på Røde Kors-huset i Ørsta. Der skal ho først møte ungdommar i Ørsta Røde Kors Friluftsliv og Førstehjelp (RØFF) som driv med trening og opplæring ute, før ho er til stades under årsmøtet til Røde Kors sin besøkstjeneste i Ørsta. Statsministeren får også omvising på Røde Kors-huset.