Det var nettstaden Hellesylt.info som først skreiv om saka.

I november i fjor kom katten Spragle heim til familien i Reset på Hellesylt. Spragle var våt i pelsen og lukta sterkt, og matmor tok straks til med å vaske av den ukjende væska.

– Vi kontakta dyrlege og konkluderte med at det måtte vere ei etsande væske ho hadde vore borti. Etterpå var andletet som ei hard skorpe, og pelsen var hard og datt av, fortel eigar Eivind Louis Helset til Sunnmørsposten.

– På eitt tidspunkt var det sår heilt inn til beinet.

– Makabert

Fredag hende det på nytt: Familien sin andre katt, Miss, kom pilande heim fredag morgon med kroppen dekt av væske frå snute til hale.

– Ho såg ut som ein katt som har vore i badekaret, der pelsen står rett ut som piggar. Vi tok ho inn på baderommet, men skjønte veldig fort at vi berre måtte avlive ho, seier Helset.

I dialog med veterinær fekk dei avliva Miss.

– Det var ganske makabert, det som skjedde i går, seier Helset.

Sunnmørsposten har sett bilde av Miss etter hendinga. På bildet ser ein at det meste av pelsen er etsa bort.

Ser brannskada ut

Fin Spragle har det fint i dag, men ser brannskada ut, fortel eigaren Eivind Louis Helset. Foto: Privat

Spragle fekk behandling av veterinær. I dag er det berre utsjånaden som vitnar om den fæle hendinga, fortel Helset

– Spragle verkar å vere i heilt normal form, og leiker og koser seg som før. Ho har ikkje nokre varige mein, om ein ser bort frå utsjånaden, seier eigaren.

Det einaste er at ho søker litt meir merksemd no enn tidlegare.

– Miss og Spragle var søsken, og har alltid vore i lag. Det verkar som om Spragle skjønner at noko har skjedd med Miss.

Fleire kattar råka

Sidan hendinga med Spragle i fjor haust, fekk Helset vite om to andre kattar i same område som også har vore ramma. Ein av dei måtte også avlivast.

Sidan har det vore stille ei stund, og familien har ikkje tenkt så mykje på saka i det siste.

– Men så slo det veldig hardt inn i går, seier Helset.

Før ulykka Spragle og Miss er sysken, og vaks opp i lag heime hos Eivind Helset og familien. – Dei har alltid leika ilag, og går vi på tur var dei som regel alltid på slep, seier Eivind Helset. No er Miss borte. Foto: Privat

Ber folk sjekke

I tillegg til Hellesylt.info, har Helset også snakka med NRK og flere medier.

Årsaka til at han går ut i media er ikkje fordi han vil ha fokus på om det er nokon som kan ha mishandla kattane, understrekar han.

– Sjølvsagt kjem tanken om at det kan ha skjedd, for det er jo litt merkeleg at fire kattar er ramma. Men vi ønskjer å ha fokus på om det kan vere noko som ligg framme ein stad, som eigaren bør fjerne, seier han.

– Det er skummelt, viss dette ligg ute ein stad. Særleg fordi det ligg ein barnehage midt mellom dei to byggefelta der kattane bur. Barna er mykje ute i området, så viss det er noko som ligg ute ein stad, så kan det jo fort skje at også barn kjem i kontakt med det, seier Helset.