– Det hender mykje her, men først og fremst blir det spennande med ølfestivalen som blir arrangert for første gong, seier Anders Adolfsen som er primus motor for festivalen.

Allereie i kveld, torsdag, blir Strandafjellets Ølfestival 2017 arrangert på Stova på Strandafjellet.

Stor interesse for ølfestival

Her er åtte bryggeri representert, frå Sogn og Fjordane i sør til Trøndelag i nord, inkludert dei lokale bryggeria på Sunnmøre.

– Vi er snart fullbooka. Det har vore stor interesse. Det skal vere littt eksklusivt og folk skal kunne setje seg ned og nyte godt øl, seier Adolfsen og legg til at dei har plass til cirka 130 personar.

Telt og karneval

Det er sett opp telt ved hotellet i sentrum, der det fredag kveld blir underhaldning med trubadur.

Laurdag er det klart for karnevalstog for dei minste. Og på fjellet blir det AfterSki, med underhaldning av trubadur Frode Hagebakk.

Seinare på kvelden spelar Maple & Rye spelar i teltet, og Kystfolket i restauranten på hotellet.

Påfyll av pudder

Hotell og hytter er fullbooka på Stranda desse dagane, og det ligg også an til gode forhold for skikøyring etter at snøen har lava ned.

– Det er kome masse snø og er skikkeleg pudder og kjempeforhold her no, seier Adolfsen til smp.no torsdag.