Brønnbåten «Ro North» gjekk torsdag ettermiddag på grunn ved Roan i Sør-Trøndelag.

Det var fleire andre skip i nærleiken, og havaristen, som tilhøyrer reiarlaget Rostein i Sandøy, vart dratt av grunnen. Det såg ikkje ut til at det har oppstått lekkasje på skipet, melder rbnett.no.

- Ein av mannskapet har skadd seg etter at ei trosse har slite seg. Mogleg brotskade. Blir evakuert av redningshelikopter, melder Hovudredningssentralen for Sør-Norge torsdag ettermiddag.