Ved ein kontroll som Statens vegvesen gjennomførte på riksveg 15 ved Kjøs i Hornindal torsdag vart det avdekt at sjåføren si lengste kvilepause hadde vore på berre ein time og 41 minutt i løpet av 32 timar.

Ein annan tungbilsjåfør fekk køyreforbod inntil han hadde rydda vekk gjenstandar i frontruta, opplyser Statens vegvesen.

Ytterlegare to sjåførar fekk skriftlege åtvaringar for mindre brot på køyre- og kviletidsforskrifta.

Ein annan sjåfør fekk pålegg om å sikre lasta si betre.

Og til slutt var det ein yrkessjåfør som fekk gebyr fordi han ikkje hadde teke med seg vognkortet på turen.